Advanced search


Terminliste 2008/2009

Terminliste ligg her.

Terminliste

 

 

ARRANGEMENT SPILLESTED DATO PÅMELDING
       
       
       

Terje Lie og Arnt Ola Fidjestøl vann komfortabelt på Vartdal

Terje Lie og Arnt Ola Fidjestøl, BK Grand vann Vartdalturneringa med bra margin. Susann Farstad og Haldor Sunde BK Grand/Stryn BK tok ein suveren 2. plass. Medan Geir Atle Seth og Terje Hildremyr Brattvåg&Søvik BK tok 3. plassen.

Fullstending resultatservice her.

Bjarne Taknes og Gunnar Ødegaard vann i Kristiansund

Bjarne Taknes og Gunnar Ødegaard Møstknektene BK/Vestnes BK vann i jubileumsturneringa i Kristiansund. Det gjorde dei foran Hans Kofoed - Per Ivar Ersnes, Møstknektene BK og Magne Røsand - Frank Olsen, Kristiansund BK.

Fullstendig resultatliste ligg her.

Heimeseier i Molde - Arnt Rune Rausand og Per T. Stokke vann

Deltakinga kunne vore betre, men dei som spelte hadde det artig. Årets Moldecup vart vunnen av Arnt Rune Rausand og Per T. Stokke, Molde BK, foran Susann Farstad og Ingeborg Grimsmo, BK Grand/Skåla og Terje Lie og Arnt Vågsæther, BK Grand.

Resultatliste ligg her.

Resultatliste frå julebridgen

Deltaking på årets julebridge var rekordlåg i år. Einaste turnering med nokolunde deltaking var Moldeturneringa. Resultater er samla under etter beste evne.

27. desember  - Ålesund. Jon Terje Storsten og Svein Jarle Bjerkevoll vann - Resultatliste - stensilar

28. desember - Molde - Odd Roar Smisetfoss og Roy Kristiansen vann. Resultatliste.

29. desember - Brattvåg - Resultatliste

30 desember - Møstavågen Geir Morten Skar og Reidar Mikkelsen vann - Resultatliste

Ingjerd Kavli - Reidun Rødseth vann KM-veteran

Det vart dei rutinerte damene Ingjerd Kavli og Reidun Rødseth, BK Grand som vann KM veteran. Dei vann føre Arne Kaaresen - Rolv Sunde, BK Grand og Kalle Rogne og Jorunn Doran, Brattvåg og Søvik.

Resultat liste ligg her.

Tidenes thriller då M&R5 (Haram) vann 3. div avd 3E

Det må ha vore noko av det tettast seriemesterskapet på lang lang tid og avslutningssiffra sto ikkje attende for det. Før siste runde kunne 8 lag i teorien vinne og alle laga kunne i teorien rykke ned. Lag Haram vann til slutt med eitt VP men høyr her: Hadde lag Haram fått eit imp meir i mot seg eller lag Mælen fått eitt imp meir i sin kamp og då hadde det blitt innbyrdes oppgjer. DEN KAMPEN VANN LAG MÆLEN MED 1 IMP!! Så eitt imp i motsatt retning i to kampar hadde gjort at eitt  imp i innbyrdes hadde snudd dei t trønderane sin favør.


Vinnarane frå venstre Torstein Hesseberg, Petter Haram, Tommy Skodje og Arnt Ola Fidjestøl. Arnt Vaagsæter er også med på laget.

Resultatliste m butler her.

Eirik Natvik vann påskesingelen i Ålesund

Eirik Natvik vart singelmeister i påska. Einaste som var i nærleiken av å slå han var wonderwoman Anne Berit Moldestad. På tredje palltrinn var Rune Skodje.

Resultatservice her.

Nye kurs igang i Ålesund og Molde!!

På tide å mobilisere igjen. Nå startar kurs i Molde og Ålesund. Kurset i Ålesund startar 25. februar og kurset i Molde startar 26. februar. Meir opplysningar om kurset i Molde her. Meir opplysningar om kurset i Ålesund her.

Sponsors