Advanced search


NM-lag 2009 - BK Grand slo Heimdal 2 og er vidare til 6. runde

BK Grand slo Heimdal 2 21-9 i VP. Heimdal stilte m.a med ein europamester. Så dette var sterkt. På laget som slo Heimdal spelte for anledningen Terje Lie og Espen Kvam samt Tommy Skodje og Petter Haram.

BK Grand møter Stavanger 2 i 6. runde. Siste runde før finale.

Øvrige resultat frå 5. runde her.

Ulstein Bridgeweekend 2009 avlyst!!

Det vert diverre ikkje arrangert turnering i Ulstein til hausten. Årsaken er enkel. Det har ikkje lukkast å få ei deltaking dei siste åra som gjer det mogeleg å få turneringa til å gå i pluss. Dette syns vi er trist. Særleg fordi vi har ein del "faste deltakarar" som vi har gledd oss til å sjå igjen.

Så får vi sjå om vi prøver igjen i 2010 

Bjørn Ivar Lange og Helge Bremnes vann suverent i Brattvåg

Det var Aston-Villa fanatikaren Bjørn Ivar Lange som endeleg fekk noko å glede seg over då han saman med Helge Bremnes vann påskebridgen i Brattvåg i suveren stil. Det gjorde dei foran Terje Lie og Eirik Natvik og Arnt B. Vaagsæter og Christen Midtlid. Resultatservice her.

Sponsors